I den nye skulereforma «Kunnskapsløftet» har digital kompetanse fått status som den 5. basiskompetansen, på lik linje med lesing, skriving, rekning og munnleg framstilling. Gjennom 10 artiklar i denne boka rettar forfattarane merksemd mot kva for implikasjonar dette vil få for både skulen, læraren og eleven. Desse nye digitale straumdraga blir sett i høve til relevant IKT-forsking og rettar òg eit søkjelys mot korleis den digitale revolusjonen utfordrar vår tradisjonelle oppfatning av både kunnskap og læring.

Noreg har særs god teknologitettleik, digitalt sjølvsikre elevar og eit stadig meir brukarstyrt Internett (Web 2.0). Dette gir den norske skulen eit godt utgangspunkt for å ta i bruk IKT både innanfor og utanfor skulen sine veggar. Ein ser dermed konturane av ein «døgnopen skule» der læringsplattformer og nye kommunikasjonsmønster bryt ned dei vantette skotta mellom skule, fritid og heimen. Dette gir rom for både fysiske og digitale klasserom der både lærarrolla og elevrolla er i endring. Ein peikepinn på omfanget av dette er at når dagens gjennomsnittlege screenager når 21-årsalderen, har han/ho brukt 15 000 timar til formell utdanning, 20 000 timar framfor TV-en og 50 000 timar framfor PC-skjermen. Dette gjer at formelle og uformelle læringsarenaer smeltar meir og meir saman i samfunnet vårt. Rune Krumsvik og tre medforfattarar tek difor for seg dei moglegheiter, dilemma og utfordringar som veks fram i dette nye, digitale pedagogiske terrenget. Gjennom 10 artiklar i denne boka hentar dei fram forskingsfunn, røynsler frå skule og lærarutdanning, samt korleis den digitale revolusjonen utfordrar vår tradisjonelle oppfatning av både kunnskap og læring.

Boka rettar seg mot alle som vil ha eit innblikk i IKT og digital kompetanse i skulen, og høver difor godt for både høgare utdanning, lærarutdanning, skuleleiarar og lærarar.

Detaljer

Sider:
288
Innbinding:
Heftet
Målform:
nyn
Utgave:
1
ISBN:
9788215005638
Utgivelsesår:
2007
Bokgruppe:
215
Salgsdato:
07.05.2007
Leveringstid:
3-5 dager