Choose format

In stock
NOK 599

Fallrettar og ekspropriasjonserstatning

Fallrettar og ekspropriasjonserstatning handlar om erstatningsnivået for fallrettar i ekspropriasjonssaker. Frå 2008 og fram til i dag har ekspropriasjonsretten vorte lagt om som fylgje av rettspraksis frå Høgsterett.

Samstundes har det skjedd ei utvikling i jordskifterettane: Bruksordningar vert vedtekne for å samla fallrettar, for slik å leggja til rette for kraftutbygging. Som i tradisjonelle ekspropriasjonssaker finn det i desse sakene stad eit eigedomsinngrep. Broch Hauge drøftar kva verknader dette bør få for kompensasjonsspørsmålet. Forfattaren tek føre seg både ny og gamal jordskiftelov.

Idealnormanalyse blir brukt som metode for å vurdera og samanlikna dei to regelsetta. Forfattaren freistar å seia noko om korleis erstatningsnivået som blir handheva etter dei ulike regelsetta, reflekterer både samfunnsøkonomiske omsyn og visse rettferdsomsyn. Til slutt i boka tek forfattaren opp spørsmålet om erstatningsnivået for fallrettar og tilhøvet til Grunnlova § 105 og EMK TP 1-1.

Ph.d. Katrine Broch Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for landskapsplanlegging, Seksjon for eigedom og juss, på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Her underviser ho mellom anna i faga ekspropriasjonsrett og jordskifte. Fallrettar og ekspropriasjonserstatning vart skriven då Broch Hauge var stipendiat ved Institutt for privatrett, Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho er framleis knytt til Forskargruppa i naturressursrett ved Det juridiske fakultetet.

Detailed information

  • Language: Nynorsk
  • ISBN: 9788215040004
  • Publication date: 22.11.2019
  • Book group: 893

Katrine Broch Hauge

Katrine Broch Hauge er cand.jur fra UIB (2003) og ph.d. i rettsvitenskap fra UiO (2015). Broch Hauge er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, NIFS, UiO, og underviser i fast eiendoms rettsforhold, miljørett og ekspropriasjonsrett.
More about the author