Velg format

På lager
kr 399

Forstå, forklare, forandre

Om design av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt

Informasjon om boka

  • Sider: 216
  • Språk: nno
  • ISBN: 9788215027845
  • Utgivelsesdato: 19.09.2016
  • Bokgruppe: 212
Ein klar og målretta design er nøkkelen til å gjennomføre eit vellykka forskingsprosjekt. Samanlikna med den store mengda litteratur om forskingsmetode, er forskingsdesign likevel stemoderleg handsama.
Forskingsdesign handlar om planen eller framgangsmåten for å gjennomføre eit forskingsprosjekt, stort eller lite. Det som kjenneteiknar ein bestemt forskingsdesign, er kombinasjonen av kunnskapsmål og strategiar for å produsere data.

I denne boka presenter forfattaren både kva som kjenneteiknar ulike forskingsdesign, og prosessen med å utforme eit forskingsdesign steg for steg.

Boka kan lesast på fleire nivå. Den vender seg til nybyrjarar som tek fatt på sitt første forskingsprosjekt, så vel som til meir erfarne forskarar.

Oddbjørn Bukve er dr.philos. i offentleg administrasjon og organisasjonsvitskap. Han er professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bukve har i mange år både som førelesar og rettleiar sakna ei bok som tek for seg forskingsdesign på utførleg vis. Denne boka har han no skrive sjølv.

Oddbjørn Bukve

Oddbjørn Bukve er professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Mer informasjon om forfatteren