Velg format

På lager
kr 419

Skriving ved universitet og høgskolar

Handbok for lærarar og studentar
Ei grundig innføring i å skrive akademiske tekstar og gode råd for rettleiing av skriveprosessar. Handbok både for studentar og lærarane deira.
Dette er ei praktisk handbok for skribentar i alle fag i høgare utdanning skrive av ei av våre framste skriveforskarar. Her får lesaren ei grundig innføring i ulike sider ved sjølve skriveprosessen, innføring i rettleiing til skriftlege tekstar og ei rekkje praktiske råd.

Forfattaren gir også innsikt i ei rekke spørsmål som ligg til grunn for skriving og rettleiing ved universitet og høgskolar: Kva samanheng er det mellom å lære fag og å lære korleis fagkunnskapen blir uttrykt? Kvart fag har sine særtrekk både når det gjeld omgrep og skrivemåtar - sin særeigne tekstkultur. Korleis kan førstesemesterstudenten førast inn i tekstkulturen i faget? Rettleiing er viktig for å drive fram gode skriveprosessar. Kva prinsipp og strategiar kan vere aktuelle for tilbakemelding? Kva rolle spelar tanken på lesaren for den som skriv? Korleis kan ein overvinne skriveblokkeringar?

Boka er skriven for både studentar og lærarar.

"Forfattaren går systematisk inn på korleis utdanningane kan skipe fungerande responsgrupper på studentivå."
Andreas Høy Knudsen i Forskerforum 2-2009

Informasjon om boka

  • Sider: 208
  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215013398
  • Utgivelsesdato: 10.11.2008
  • Bokgruppe: 215

Torlaug Løkensgard Hoel

Torlaug Løkensgard Hoel er professor ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Ho har skrive og redigert fleire bøker, mellom andre "Skrivepedagogikk på norsk" (1990), "Skrive for å lære" (2000, saman med Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg) og "Det store spranget: ny som lærer i skole og barnehage" (2008, saman med Brit Hanssen, Rachel Jakhelln og Sissel Østrem).
Mer informasjon om forfatteren