Choose format

NOK 599

Lokal handtering av koronapandemien

Denne antologien er resultat av eit større forskingsprosjekt som starta i 2021, og er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU. Føremålet med prosjektet, som fekk tittelen Før, under og etter koronapandemien - kva lærdom kan spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og brukarrepresentantar ta med seg frå samarbeidet om pandemien?, var å studere pandemihandteringa i Møre og Romsdal fylke.

I antologien har forfattarane prøvd å forstå og forklare pandemihandteringa i Møre og Romsdal ved hjelp av fleire teoretiske perspektiv. I tillegg til dokumentstudiar har det blitt utført intervju med leiande folkevalde i kommunar, administrativ og helsefagleg leiing i helseføretaket og kommunane, og brukarrepresentantar.

Føremålet til styresmaktene med handteringa var å slå utbrotet tilbake og halde smittenivået lågt. Vurdert opp mot dette føremålet, er konklusjonen at Møre og Romsdal, som resten av landet, lukkast godt. Handteringa av koronapandemien blei etter forfattarane si vurdering ei mobilisering der folkevalde, helseføretaka, kommunehelsetenesta og folket samarbeidde. Handteringa står fram som eit godt døme på folkehelsearbeid som «helse i alt vi gjer».

Detailed information

  • Pages: 236
  • Language: Norwegian
  • ISBN: 9788215070704
  • Publication date: 13.05.2025
  • Book group: 214

Roar Amdam

Roar Amdam (f. 1951) er professor emeritus i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Han har forska på kollaborativ planlegging og innovasjon og på korleis planlegging kan bidra til institusjonell kapasitet og demokratisk legitimitet til multiaktørsamarbeid som mellom anna folkehelsearbeidet.
More about the author

Anne Strand Alfredsen Larsen

Anne Strand Alfredsen Larsen (f. 1976) er forskar og rådgivar i Helse Møre og Romsdal HF og ved NTNU. Larsen er sivilingeniør, har ein doktorgrad i prosjektleiing og har jobba innan helsesektoren i over 20 år i ulike stillingar.
More about the author

Sølve Mikal Krekvik Nerland

Sølve Mikal Krekvik Nerland (f. 1976) er førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde. Nerland er statsviter med doktorgrad innen helsepolitikk. Han har forsket blant annet på organisering og insentiver i spesialisthelsetjenesten og i kommunene og på samarbeid mellom tjenester og forvaltningsnivå.
More about the author

Berit Kvalsvik Teige

Berit Kvalsvik Teige (f. 1955) er seniorforskar ved Helse Møre og Romsdal HF med Dr. Phil. frå University of Leeds Business School, UK, innan feltet kunnskapsøkonomi / livslang læring. Teige har mange års erfaring som leiar av forskings- og utviklingsprosjekt. Forskingsfokus har vore implementering av utdannings- og helsepolitiske reformer, samarbeid og organisasjonsutvikling.
More about the author