Velg format

På lager
kr 329

Laget rundt barnet

Samarbeid til barnets beste

Informasjon om boka

  • Sider: 120
  • Språk: nno
  • ISBN: 9788215037431
  • Utgivelsesdato: 17.08.2020
  • Bokgruppe: 213
Laget rundt barnet handlar om samarbeid og tilrettelegging rundt barn med samansette funksjonsnedsettingar. Det omfattar tett samarbeid mellom foreldre, barnehage og skole, PPT, helsetenesta i kommunane og eksterne aktørar.

Samarbeidet dreier seg om å bygge bruer mellom dei ulike hjelpeinstansane og finne vegen vidare i lag. Boka gir eit innblikk i kvardagen til tre barn, kva samarbeidsprosessar som ligg bak innsatsen for å finne ut kva som er best for barna, og korleis det blir lagt til rette for dette i praksis. Målet er å skape eit inkluderande fellesskap, trygge rammer, gode relasjonar og å tilpasse aktivitetar ut frå føresetnadene til barna.

Boka er aktuell for utdanningsinstitusjonar og fagfolk knytte til opplæring innanfor barnehage og skole, vernepleie, fysio-/ergoterapi, helse og barne- og ungdomsarbeid.

Herlaug Hjelmbrekke

Herlaug Hjelmbrekke er utdanna vernepleier, cand polit med hovudfag i pedagogikk (NTNU), vidareutdanning i psykologi (barn i sorg og krise, NTNU) og sertifisert Marte Meo-terapeut. Ho arbeider som seniorrådgiver i Statped. Ho har rettleiingsoppgåver retta mot PPT, barnehage og skole som har ansvar for barn med samansette lærevanskar, oppgåver knytta til inkluderande læringsmiljø, undervisning og prosjekt/utviklingsarbeid. Ho har skreve ei rekke fagartiklar og deltatt i fleire bokutgivnader.
Mer informasjon om forfatteren