Velg format

På lager
kr 289
Allvit er en digital utgave av boken som er universelt utformet og inkluderer lyd. Den tilpasser seg skjermen på PC, nettbrett og mobil. Eboken har utvidede funksjoner som fullt søk, oppslag i bøkene, notat- og markeringsfunksjon. Allvit gir deg også en helt genial kildehenvisningsfunksjon: Du markerer og får riktig kildehenvisning med ett enkelt tastetrykk. Enkelt, praktisk og studievennlig!

Modellering og anvendingar

Matematisk modellering i skulen
Kva er eigentleg matematisk modellering? Korleis ser matematisk modellering ut i klasserommet? Og korleis kan lærarar støtte elevar i å utvikle modelleringskompetanse?

Modellering og anvendingar. Matematisk modellering i skulen gir lærarstudentar og lærarar ei grundig innføring i matematisk modellering. Boka er praksisnær og inneheld oppgåveidear og døme frå skulekvardagen. Du får tips til arbeid med matematisk modellering i klasserommet og korleis du kan gjere undervisninga meir praktisk og relevant.

Forfattarane av boka underviser matematikk i lærarutdanninga og har bakgrunn som lærarar i grunnskule og vidaregåande skule. Dei forskar på matematisk modellering og bruken av matematikk i dagleglivet og samfunnet. Boka er utforma med bakgrunn i forfattarane sine erfaringar frå undervising og forsking, og dei har lagt vekt på å knyte saman teori og praksis. Ho tek føre seg pedagogiske og didaktiske prinsipp for undervisning av modellering og vurdering av elevane sin modelleringskompetanse.

Boka er forankra i internasjonal vitskapleg litteratur om og forsking på temaet matematisk modellering i klasserommet. Boka er eit viktig bidrag der idear frå forskingsfeltet er samla i ei lærebok på norsk.

Modellering og anvendingar. Matematisk modellering i skulen gir deg verktøya du treng for å undervise matematisk modellering. Boka er aktuell for lærarar og studentar som tek lærarutdanning.

Informasjon om boka

  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215066097
  • Utgivelsesdato: 09.03.2026
  • Bokgruppe: 893

Oda Heidi Bolstad

Oda Heidi Bolstad er førsteamanuensis i matematikkdidaktikk ved Høgskulen i Volda, der ho underviser på grunnskulelærarutdanninga og vidareutdanning for lærarar. Ho har bakgrunn som matematikklærar på ungdomstrinnet, og har doktorgrad i matematikkdidaktikk om undervising for mathematical literacy. Ho forskar på matematikkundervisning i grunnskulen knytt til temaa matematisk literacy, matematisk modellering og inkluderande matematikkundervisning.
Mer informasjon om forfatteren

Ingeborg Katrin Lid Berget

Ingeborg Katrin Lid Berget er førsteamanuensis i matematikkdidaktikk ved Høgskulen i Volda, der ho mellom anna underviser om matematisk modellering på grunnskulelærarutdanninga. Ho har bakgrunn som matematikklærar i vidaregåande skule og har doktorgrad i matematikkdidaktikk om undervising av matematisk modellering. Forskingsinteressene hennar er matematikkundervising i skulen og lærarutdanning.
Mer informasjon om forfatteren