Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam
Denne boka er eit heidersskrift til brørne Jørgen Amdam og Roar Amdam. Brørne Amdam har vore sentrale i oppbygginga av bachelor- og masterutdanning i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda og dei har bygd opp eit sterkt fagmiljø i tilknyting til desse utdanningane. Sidan 1970-talet har dei produsert ein rik og mangfaldig forskingslitteratur knytt til planlegging og regional utvikling. Gjennom fleire tiår har deira arbeid bore frukter og sett varige spor. Målet med boka er å heidre deira innsats ved ein liten høgskule i ein mellomstor kommune på Sunnmøre.
Bokas tittel, Plan, politikk og prosess, speglar det breie fagfeltet som Jørgen Amdam og Roar Amdam har dekt gjennom sine lange forskar- og undervisingskarrierar. Boka er sett saman av 19 kapittel og presenterer både ny empiri og diskuterer nye perspektiv på aktuelle tema i samfunnsplanlegging. Forfattarane er tilsette ved Institutt for planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, og forskarkollegaer frå brørne sine omfattande nettverk rundt om i Noreg.

Informasjon om boka
- Sider: 424
- Språk: Bokmål
- ISBN: 9788215069975
- Utgivelsesdato: 23.05.2025
- Bokgruppe: 214