Velg format

På lager
kr 1 179

Strandrett og offentleg styring av arealbruk i sjø

I boka gjer forfattaren greie for omfanget av strandeigaren sine private rettar utanfor den allmenne eigedomsgrensa, og tilhøvet mellom desse rettane og utnyttingsmåtar basert på offentleg løyve.

Aktuell bruk av kystnært område i dag er til dømes:
- akvakultur
- vindkraft
- bølgjekraft
- småbåtanlegg
- turisme
- friluftsliv

Det er lang tradisjon i Noreg for at den som eig strandlinja, også eig eit stykke utover i sjøen. I tillegg til einerett til å utnytte sjøområdet ut til marbakken, har strandeigaren rett til einskilde særskilte utnyttingsmåtar slik som:
- utfyllingsrett
- tilflotsrett
- rett til laksefiske
- rett til utsikt
- vern mot støy


I boka lanserer forfattaren eit rettsleg prinsipp om «open kyst» som kan nyttast som eit alternativ til prinsippet om allmenn handlefridom og «fritt hav». Eit prinsipp om «open kyst» samlar verdiar som bør ha vekt når ein avgjer rettsspørsmål som gjeld kystsona, som t.d. allmenn ferdsle, fiske og friluftsliv, tilflotsrett, laksefiskerett og rett til sjøutsikt.

Informasjon om boka

  • Sider: 432
  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215016542
  • Utgivelsesdato: 07.07.2010
  • Bokgruppe: 221

Ingunn Elise Myklebust

Ph.d Ingunn Elise Myklebust (fødd 1971) arbeider som advokat ved Kommuneadvokaten i Bergen. Ho har i fleire år vore knytta til det Det Juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Myklebust har også arbeidd to år i Bergen kommune, Byrådsavdeling for miljø- og byutvikling, dels som spesialkonsulent i Byggesaksavdelingen og dels som spesialkonsulent/seksjonssjef i Byrådsavdelingen.
Mer informasjon om forfatteren