Velg format

Kommer for salg
02.06.2021
kr 499

Fjordantologien 2021

Stadutvikling

Informasjon om boka

  • Sider: 310
  • Språk: Bokmål
  • ISBN: 9788215053332
  • Utgivelsesdato: 02.06.2021
  • Bokgruppe: 214
Å utvikle levande bygder og byar er komplekse prosessar som er knytte til sosiale relasjonar, kulturell praksis, kapitalflyt og kapitalakkumulasjon, entreprenørskap og nettverk. Stader er levande og pulserande og må balansere interessene til ulike aktørar. Tilgang til arbeid, utdanning, offentlege tenester, varer, kulturarv, tilreisande, kulturelle og fysiske aktivitetar er sentralt for å få dette til. Utvikling av byar og bygder og nære naturområde er stadig meir utfordrande som følgje av samfunnsendringar som globalisering, folketalsvekst og teknologi.

Stadutvikling handlar om det som gjer at staden blir opplevd som attraktiv for dei som oppheld seg på staden, enten som (potensielle) innbyggjarar, næringsaktørar eller som besøkjande.

Prosessar som ligg til grunn for stadutvikling, er i denne boka presenterte som tre tema:
Del I handlar om planlegging og om korleis planlegging bidreg til stadutvikling.
Del II tek føre seg korleis ulike sider ved staden bidreg til næringsutvikling.
Del III set søkjelys på faktorar som kan bidra til at innbyggjarar og besøkjande opplever bygda, tettstaden eller byen som ein attraktiv stad å bu.

Tekstane er baserte på presentasjonar som vart haldne på Fjordkonferansen 2020.

Leif Jostein Longvanes

Leif Longvanes (f. 1965) er Master of Public Administration frå Copenhagen business school og førstelektor i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet. Longvanes har tidlegare hatt leiarstillingar i Trygdeetaten og har tidlegare vore dekan og instituttleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Mer informasjon om forfatteren

Torbjørn Årethun

Torbjørn Årethun (f. 1964) er samfunnsøkonom og dosent i samfunnsøkonomi ved Høgskulen på Vestlandet. Han har bakgrunn frå oppdragsforsking og offentleg forvaltning. Faglege interesseområde er regional utvikling, entreprenørlyst blant ungdom og fornybar energi.
Mer informasjon om forfatteren

Joar Fossøy

Joar Fossøy (f. 1981), Førstelektor i idrett og studieprogramansvarleg for idrett, fysisk aktivitet og kosthaldsutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Forskingsområde: Idrettshistorie, fotball og media, idrett (fotball) og profesjonalisering, idrett og samfunn, fair play i kroppsøvingsfaget.
Mer informasjon om forfatteren

Eli Bjørhusdal

eli bjørhusdal er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet (Campus Sogndal). Ho forskar på språkforvaltning og språkdidaktikk og underviser på lærarutdanninga i Sogndal. I 2014 disputerte ho med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885¿2005.
Mer informasjon om forfatteren