Velg format

På lager
kr 329

Kvardagslivets didaktikk i barnehagen

Ansvar og arbeidsfordeling

Informasjon om boka

  • Sider: 160
  • Språk: nno
  • ISBN: 9788215026619
  • Utgivelsesdato: 10.06.2016
  • Bokgruppe: 215
Personalet skal gjennom omsorg, leik og læring legge til rette for trivsel og utvikling hos barna. Men korleis skal personalet få til dette?
Kvardagslivets didaktikk i barnehagen viser korleis didaktikken er til hjelp for personalet i tilrettelegginga. For å styrke planlegging, gjennomføring og vurdering av den didaktiske arbeidsprosessen må barnehagepersonalet sjå nærare på eigen praksis. Kva delar av dagen blir planlagde, og korleis blir vurdering gjennomført? Boka legg vekt på at didaktisk arbeid gjeld heile barnehagedagen og inkluderer både frileik, kvardagssituasjonar og vaksenleia aktivitetar. Boka inkluderer assistentar i det didaktiske arbeidet. Håberg presenterer forsking om utviklinga på barnehagefeltet og om korleis barnehagelærarar og assistentar fordeler ansvar og arbeidsoppgåver i didaktisk arbeid.

Liv Ingrid Aske Håberg

Liv Ingrid Aske Håberg er tilsett som førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Volda og underviser i barnehagelærarutdanning og masterutdanning.
Håberg er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk og ho har tidlegare arbeidt med spesialpedagogiske tiltak i meir enn tjue år i barnehagen. Doktorgradsarbeidet derimot handla om didaktikk.
Mer informasjon om forfatteren