Velg format

kr 599

Lokal handtering av koronapandemien

Denne antologien er resultat av eit større forskingsprosjekt som starta i 2021, og er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU. Føremålet med prosjektet, som fekk tittelen Før, under og etter koronapandemien - kva lærdom kan spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og brukarrepresentantar ta med seg frå samarbeidet om pandemien?, var å studere pandemihandteringa i Møre og Romsdal fylke.

I antologien har forfattarane prøvd å forstå og forklare pandemihandteringa i Møre og Romsdal ved hjelp av fleire teoretiske perspektiv. I tillegg til dokumentstudiar har det blitt utført intervju med leiande folkevalde i kommunar, administrativ og helsefagleg leiing i helseføretaket og kommunane, og brukarrepresentantar.

Føremålet til styresmaktene med handteringa var å slå utbrotet tilbake og halde smittenivået lågt. Vurdert opp mot dette føremålet, er konklusjonen at Møre og Romsdal, som resten av landet, lukkast godt. Handteringa av koronapandemien blei etter forfattarane si vurdering ei mobilisering der folkevalde, helseføretaka, kommunehelsetenesta og folket samarbeidde. Handteringa står fram som eit godt døme på folkehelsearbeid som «helse i alt vi gjer».

Informasjon om boka

  • Sider: 236
  • Språk: Bokmål
  • ISBN: 9788215070704
  • Utgivelsesdato: 13.05.2025
  • Bokgruppe: 214

Roar Amdam

Roar Amdam (f. 1951) er professor emeritus i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Han har forska på kollaborativ planlegging og innovasjon og på korleis planlegging kan bidra til institusjonell kapasitet og demokratisk legitimitet til multiaktørsamarbeid som mellom anna folkehelsearbeidet.
Mer informasjon om forfatteren

Anne Strand Alfredsen Larsen

Anette Bringedal Houge er førsteamanuensis i rettsosiologi ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo.
Mer informasjon om forfatteren

Sølve Mikal Krekvik Nerland

Anja Emilie Kruse er kriminolog, postdoktor ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo, og forsker II ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.
Mer informasjon om forfatteren

Berit Kvalsvik Teige

er lektor i drama og teater, og jobber som dramalærer på videregående skole. Hun jobber også som utøvende forteller, og har turnert med fortellerforestillinger og holdt workshops i Norden, Europa og Nord-Afrika. Hun er opptatt av å holde liv i fortellerkunsten som kulturarv og å tilgjengeliggjøre og aktualisere tradisjonelle fortellinger for flere. Hun er spesielt interessert i fortellingers mulighetsrom i møte med både barn og voksne.
Mer informasjon om forfatteren