Personvern og ytringsfridom

Avveginga mellom kolliderande menneskerettar

Bjørnar Borvik

kr 789

Last ned innholdsfortegnelse som PDF
Bestill vurderingseksemplar

Forfattaren tek for seg avveginga mellom personvern og ytringsfridom i norsk rett.

Boka inneheld ei framstilling av det konstitusjonelle rammeverket for avveginga mellom personvernet og ytringsfridommen. Ulike grunnlag for fastlegginga av rangforholdet mellom desse menneskerettane blir drøfta. Retningslinjene og metodane for avveginga blir også framstilt. Dette rammeverket utgjer bakteppet for framstillinga og vurderinga av nokre av dei sentrale lovvilkåra og domstolsskapte avvegingsmarkørane som er utforma med sikte på å handtere avveginga mellom dei kolliderande rettane i saker om ærekrenkingar, hatefulle ytringar og offentleggjering av privatinformasjon.

Denne boka inneheld også ei framstilling av den nye lovføresegna om ærekrenkingar i skadeserstatningslova § 3-6 a, som vil tre i kraft samstundes med straffelova 2005. Også dei øvrige lovendringane som vart gjort då Stortinget vedtok straffelova 2005, er omtalt.

Boka er nyttig for dommarar, advokatar og andre som arbeider med spørsmålet om ytringsfridommens grenser. Boka bør også vere av interesse for journalistar og andre som har redaksjonelle funksjonar i massemediene. Studentar i journalistikk og medievitskap som vil ha kunnskap om dei rettslege rammene for journalistisk verksemd, vil ha utbytte av boka. Det same gjeld for studentar i rettsvitskap som ønskjer ei betre forståing av samspelet mellom konstitusjonelle normer og utforminga av formell lovgjeving og domstolsskapte avvegingsmarkørar.

Mer info om boka -

Sider 416
Målform nyn
Utgave 1
ISBN 9788215014579
Utgivelsesår 2011
Bokgruppe 221
Salgsdato 01.04.2011
Leveringstid 3-5 dager

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x