Velg format

kr 629

Immateriell kapital

- Fjordantologien 2017

Informasjon om boka

  • Sider: 422
  • Språk: nor
  • ISBN: 9788215028156
  • Utgivelsesdato: 19.06.2017
  • Bokgruppe: 212
Humankapital, sosial og kulturell kapital er alle døme på immateriell kapital, fordi dei representerer varige, ikkje-fysiske storleikar som kan ha ulik nytteverdi. Denne nytten, eller avkastninga, kan både vera av materiell og immateriell karakter.
Boka tek for seg immateriell kapital på tre forskjellige område:

*Del I handlar om tema knytt til migrasjon, der mellom anna utfordringar i samband med arbeidsinnvandring og møte med menneske på flukt frå krig og naud vert løfta fram.
* Del II handlar om språk og læring, der ulike sider ved språkkultur, læringskultur og idrettskultur vert drøfta.
* Del III tek for seg ulike typar immateriell kapital knytt til næringsliv og samfunn.

Tekstane er basert på presentasjonar som vart haldne på Fjordkonferansen i 2016.

Boka er open access og ligg fritt tilgjengeleg på idunn.no.
https://www.idunn.no/immateriell-kapital

John Roger Andersen

John Roger Andersen er professor i sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet (Campus Førde) og forskar i Helse Førde. Andersen leiar forskingsgruppa «Folkehelse, livsstil og overvekt», som er ei strategisk satsing av Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Forskingsfeltet er spesielt førebygging og behandling av livsstilsjukdommar med fokus på helserelatert livskvalitet.
Mer informasjon om forfatteren

Torbjørn Årethun

torbjørn årethun er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo. Han er tilsett som førstelektor ved Høgskulen i på Vestlandet, og underviser i matematikk og
samfunnsøkonomiske fag ved bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Årethun har forska på regional utvikling og entreprenørskap og publisert artiklar innan desse områda.
Mer informasjon om forfatteren

Jon Gunnar Nesse

Jon Gunnar Nesse er siviløkonom med høgare avdeling frå Norges Handelshøyskole (NHH), med hovudfag i administrasjons- og åtferdsfag. Han er tilsett som førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i organisasjons- og leiingsfag ved bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. Nesse har forska på regional utvikling, omstilling på einsidige industristadar, fornybar energi og entreprenørskap, og han har publisert ei rad rapportar og artiklar innan desse områda.
Mer informasjon om forfatteren

Eli Bjørhusdal

eli bjørhusdal er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet (Campus Sogndal). Ho forskar på språkforvaltning og språkdidaktikk og underviser på lærarutdanninga i Sogndal. I 2014 disputerte ho med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885¿2005.
Mer informasjon om forfatteren