Humankapital, sosial og kulturell kapital er alle døme på immateriell kapital, fordi dei representerer varige, ikkje-fysiske storleikar som kan ha ulik nytteverdi. Denne nytten, eller avkastninga, kan både vera av materiell og immateriell karakter.

Boka tek for seg immateriell kapital på tre forskjellige område:

*Del I handlar om tema knytt til migrasjon, der mellom anna utfordringar i samband med arbeidsinnvandring og møte med menneske på flukt frå krig og naud vert løfta fram.
* Del II handlar om språk og læring, der ulike sider ved språkkultur, læringskultur og idrettskultur vert drøfta.
* Del III tek for seg ulike typar immateriell kapital knytt til næringsliv og samfunn.

Tekstane er basert på presentasjonar som vart haldne på Fjordkonferansen i 2016.

Boka er open access og ligg fritt tilgjengeleg på idunn.no.
https://www.idunn.no/immateriell-kapital

Mer info om boka -

Sider 422
Målform b/n
Utgave 1
ISBN 9788215028156
Utgivelsesår 2017
Bokgruppe 212
Salgsdato 19.06.2017

Produktet   ble lagt til i handlekurven. Se handlekurven

x