Synnøve Matre

Synnøve Matre

Synnøve Matre er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Fagfelta hennar er språk- og tekstutvikling, samtaleanalyse og skriveopplæring, og ho har publisert mange artiklar innanfor desse fagområda. Ho har deltatt i fleire store forskingsprosjekt, m.a. som leiar i «Normprosjektet» og i Talk, Text and Thinking together og som forskar i FUS (Funksjonell skriving i dei første skuleåra). Doktoravhandlinga hennar frå 1998 omhandla barns munnlege tekstar. Ho har bidratt som redaktør og medforfattar i ei rekke bøker, m.a. Nye grep om skriveopplæringa. Forskingsfunn og praksiserfaringar (2020), Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser (2012), Å skrive seg inn i læreryrket (2012) og Skrive for nåtid og framtid I og II (2007). Matre har vore gjesteprofessor ved Uppsala universitet. Ho leia også arbeidet med å etablere det nasjonale Skrivesenteret.

Bøker av Synnøve Matre